Bokn barnehage

Lærling i Barne- og ungdomsarbeiderfaget 100%

Lærling Barne- og ungdomsarbeider

Som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget vil du få utstrekt opplæring og brei erfaring i barnehage og skule, og dessutan sfo. Du får også  moglegheit til å vera i ein ungdomsklubb.  Å vera lærling betyr at du tek siste del av ein vidaregåande utdanning ved ein arbeidsplass. Du blir tilsett på ein arbeidsplass, og du har same rettigheiter og pliktar som andre arbeidstakar. Du får lønn under læretida. Som lærling har du krav på opplæring, rettleiing og vurderingar undervegs i læretida.

Etter endt opplæring går du opp til fagprøve. Oppstart blir august 2024. Læretida er 2 år.

 

Arbeidsoppgåver

I løpet av læretida skal du mellom anna få opplæring og arbeidsoppgåver i følgjande punkt: 

  • Barne- og ungdomsarbeidaren skal bidra til tilrettelegging og gjennomføring av pedagogiske tilbod for barn og unge i alderen 0–18 år. Barne- og ungdomsarbeidaren skal fremja fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring. Barne- og ungdomsarbeidaren er tydelege rollemodellar og medvitne på dei utfordringar barn og unge møter.
  • Ein barne- og ungdomsarbeidar skal leggja til rette for å kunne tilpassa det pedagogiske tilbodet til ulike aldersgrupper, funksjonsnivået og livssituasjonar. Den skal gi grunnlag for å velje formålstenlege arbeidsmåtar og stimulera til allsidige aktivitetar og interesse for natur og miljø. Vidare skal opplæringa bidra til å utvikle evne til kommunikasjon og samhandling med barn, unge og føresette.
  • Barne- og ungdomsarbeidaren skal også bidra til å utvikle fleirkulturell forståing og fremje likestilling og likeverd.

Kvalifikasjonar

  • Du har bestått VG 1 Helse og oppvekst
  • Du har bestått VG 2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget (eller ferdig med dette juni 2024 )
  • Norsk er arbeidsspråk i Bokn kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du både kan samarbeida med andre og utføra arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig.
  • Tilsetjing i stillinga krev tilfredsstillande politiattest i henhold til gjeldande lovverk.

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i å arbeida med barn og unge.
  • Du er engasjert og motivert for fagfeltet, som tilsett og kollega.
  • Du er ein god rollemodell som ser det enkelte individ.
  • Du er punktleg og påliteleg og viser omayn og respekt.

Vi tilbyr

  • Ei lærebedrift som har lang erfaring i å utdanna barne- og ungdomsarbeidar.
  • Fagleg leiar og rettleiarar som har brei fagkunnskap på kvar enkelt arbeidsplass, og som er dyktige på å gi rettleiing og tilbakemelding til lærlingane.
  • Interessante og spennande arbeidsoppgåver og aktive arbeidsmiljø.
  • Lønn i samsvar med tariff.

Del på:

Referansenummer:

24/165

Fylke:

  • Rogaland

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

26.05.2024

Tiltreding:

15.08.2024

Arbeidsstad:

Bokn barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Boknatunvegen 31 5561 Bokn

Kart: