Bokn kommune Pleie- og omsorg

Sjukepleiar 100 % vikariat

Sjukepleiar

Sjukepleiar 100 % vikariat frå og med snarast til 31.12.2025
 
Er du sjukepleiar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mot helgearbeid med moglegheit for langvakter, for tida kvar 4. helg.Me har ledig stilling frå snarast og er fleksible i forhold til ønska stillingsstorleik, men ønskjer å tilsette i minimum 80 % stilling.Moglegheit for forlenging av vikariat.
 
Om arbeidsstaden
 
Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik.
 
Arbeidsoppgåver i stillinga
 
Ordinære sjukepleiefaglege oppgåver
Medikamenthandtering
Stell og pleie
Tverrfagleg samarbeid
Tillitsskapande miljøarbeid
Veiledning til pasientar og pårørande
Veiledning av kollegaer, studentar/elevar
Halde seg fagleg oppdatert og bidra med fagleg utvikling
 
Kompetansekrav
 
Offentleg godkjent sjukepleiar
Førarkort klasse B
Tilfredsstillande politiattest
 
Personlege eigenskapar
 
Evne til å motivere og engasjere
Initiativrik og fleksibel
God samhandlingskompetanse
Evne til å arbeide sjølvstendig
Trivast med å arbeide med mennesker
Godt humør og løysningsorientert
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Handtere travle arbeidskvardagar
 
Arbeidsgjevar tilbyr
 
Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
Konkurransedyktige lønsbetingingar
Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling

Del på:

Referansenummer:

24/517

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

15.11.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Pleie og omsorg

Adresse:

Boknatunvegen 37 Bokn kommune 5561 Bokn

Kart: