Bokn kommune

Barne- og ungdomsarbeider 100 % vikariat

 

Me har ledig eit vikariat i 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå og med 18.11.24 tom 24.09.25 med moglegheit for fast tilsetting.

 

Bokn barnehage

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 40 barn og 14 tilsette.

Barnehagen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av skule, bibliotek og kommunehus.

Me har kort veg til sjø, skog og mark, og det gjer at me ofte er på tur her.

 

Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse.

Me er med i eit regionalt nettverk saman med andre kommunar, og tilsette får delta jamleg i nettverk med Karmøy-barnehagane.

Barnehagen er i startfasen på eit arbeid med inkluderande leikemiljø samstundes som det vert jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program "vere saman".

 

 

Kven ser me etter?

Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne.

Du er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande.

Du må vere fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane.

Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing.

 

Barnehagen er mykje ute på turar, og naturen er ein del av vår leikeplass.

Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade.

Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag? Fortel oss gjerne om desse!

 

 

Kompetansekrav

-       godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar

-       erfaring frå arbeid i barnehage

-       beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2

-       beherske digitale verktøy

 

Som arbeidsgivar kan me tilby

-       lønn etter tariffavtale

-       moglegheit for personleg og fagleg utvikling

-       medlemskap i offentleg pensjonsordning

 

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillingar"

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.  

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

 

 

Søknadsfrist    13.11.2024                                 Utlyst dato        30.10.2024

 

Kontaktperson

Kate Åse Helgø, Barnehagestyrar, tlf: 48254428, kate.ase.helgo@bokn.kommune.no

Del på:

Referansenummer:

24/524

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

13.11.2024

Tiltreding:

18.11.2024

Arbeidsstad:

Bokn barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Boknatunvegen 31 5561 Bokn

Kart: