Lærarstilling ved Bokn skule
Bokn kommune søkjer etter lærar i 50-100% stilling. Me har ledig vikariat fram til juli.
Me ønsker lærar som kan vere med å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Elevane skal møte engasjerte lærarar som lyttar til dei og motiverer dei for læring.
Sjølv om me ønsker lærar i alle fag, så kan kompetanse i realfag og spesialpedagogikk vera ein fordel. Det kan vera aktuelt med studentar og deltidsstillingar.
Viktige stikkord er:
- god klasseleiing
- grunnleggande ferdigheiter i alle fag
- digital utvikling
- høg kvalitet i opplæringa
- høgt læringsutbytte for elevane
- aldersblanda grupper
Me har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der me blant anna jobbar med skulemiljø og aldersblanding.
Skulen har også fokus på delingskultur og tverrfagleg samarbeid.
Personlege eigenskapar:
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- fleksibel og løysingsorientert
- sjølvstendig og strukturert
- gi og ta imot rettleiing
Me kan tilby:
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Aktive og engasjerte kollegaer
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Generelle lønsplasseringar i samsvar med Hovudtariffavtalen
Del på:
Referansenummer:
24/528
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.11.2024
Tiltreding:
01.12.2024
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bokn.kommune.noAdresse:
Boknatunvegen 37 5561 Bokn