
Bokn kommune søkjer miljøpersonal/Barne- og ungdomsarbeider
Miljøarbeider/Barne- og ungdomsarbeider vikariat 100%
Bokn skule er frå skulestart 2025 ein fådelt skule 1-10 med 85 elevar. Me er opptatt av å skape eit inkluderande læringsmiljø og eit godt psykososialt miljø for elevar og tilsette. Skulen ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn. Det kan bli inntil 2 stillingar som vikariat frå 01.08.25 - 31.07.26, med moglegheit for fast stilling.
Arbeidsoppåver:
- Arbeid med barn med særlege behov i skulen.
- Bidra til eit trygt og godt miljø for barn og unge i skule og SFO.
- Samarbeide med laget rundt elevar for at elever meistrer skulekvardagen, og gje dei tryggleik, trivsel og omsorg.
- Støtte elevar i læringsprosessen og sosiale situasjonar.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget er ein fordel
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, gjerne innan skule eller SFO.
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskaper:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel og løysingsorientert
- Sjølvstendig og strukturert
- Kan gje og ta imot rettleiing
Me kan tilby:
- Ein variert og spanande arbeidskvardag
- Moglegheit til å hjelpa barn og ungdom til å oppfylla og utvikla sitt potensiale
- Godt arbeidsmiljø med positive og ivrige elevar, dedikerte tilsette og engasjerte foreldre
- Offensiv teamjobbing og moglegheiter for å påverka eigen arbeidssituasjon innanfor gitte rammer
- Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande lovar og tariffavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
30.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Bokn skule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bokn.kommune.noAdresse:
Boknatunvegen 37 5561 Bokn