Bokn kommune Pleie- og omsorg

Sjukepleiar 100 % fast stilling

Sjukepleiar

Er du sjukepleiar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta. 

Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mot helgearbeid og har fleksibel årsturnus med val om å avvikle helgetimane med langvakter, ordinære vakter, ordinære vakter kombinert med langvakter, eventuelt nattevakter. Me har ledig stilling frå snarast og er fleksible i forhold til ønska stillingsstorleik, men ønskjer å tilsette i minimum 80 % stillingsstorleik.
Det er også moglegheit for å arbeide langvakter i vekene.
 
Arbeid med velferdsteknologiske løysningar, vurdering av behov og installasjon av dette både inne på institusjon, omsorgsbustadar og heime hjå brukerane vert ein del av stillinga.
 
Moglegheit for rolla som demenskoordinator for deg som har særskilt interesse for denne typen arbeid, og blir då ein del av arbeidsoppgåvene i stillinga.
 
Me søkjer deg som er engasjert, fleksibel, nytenkjande og opptatt av å yte gode helse- og omsorgstenester.
 
Om arbeidsstaden
 
Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik.
 
Arbeidsoppgåver i stillinga
 
Moglegheit for rolle som demenskoordinator
Ordinære sjukepleiefaglege oppgåver
Medikamenthandtering
Stell og pleie
Tverrfagleg samarbeid
Tillitsskapande miljøarbeid
Veiledning til pasientar og pårørande
Veiledning av kollegaer, studentar/elevar
Halde seg fagleg oppdatert og bidra med fagleg utvikling
Medansvarleg for bruk og innføring av velferdsteknologi i tenestane
 
Kompetansekrav
 
Offentleg godkjent sjukepleiar
Førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar
 
Evne til å motivere og engasjere
Initiativrik og fleksibel
God samhandlingskompetanse
Evne til å arbeide sjølvstendig
Trivast med å arbeide med mennesker
Godt humør og løysningsorientert
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Handtere travle arbeidskvardagar
 
Arbeidsgjevar tilbyr
 
Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling
 
Lønn (0 - 20 års ansiennitet) per 01.10.24:
Sjukepleiar: frå 537 400 kr - 641 400 kr 
Spesialsjukepleiar: frå 586 400 kr - 690 000 kr

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

08.06.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Pleie og omsorg

Kontaktpersonar:

May Lisbeth Bosvik Fiskaaen

tlf: +47 90517196

Sonja Mikkelsen

mob: 90676157

Adresse:

Boknatunvegen 37 Bokn kommune 5561 Bokn

Kart: