Bokn kommune Pleie- og omsorg

Studentstillingar sjukepleiar/vernepleiarstudent

Sjukepleiar-/vernepleiarstudentar

Er du sjukepleiarstudent/vernepleiarstudent og ønskjer å opparbeide deg erfaring på ei lita, koseleg og nyoppussa sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.

Me ynskjer studentar som kan arbeide minimum 325 timar på helg i løpet av 1 år. Ein har då moglegheit for å arbeide langvakter på 13,5 timar kvar 4. helg,ordinære vakter (7,5 time) med gjennomsnittleg arbeid anna kvar helg, eventuelt kvar 3. helg med ei ordinær vakt og ei langvakt.

Som student kan ein inngå ein avtale kor ein får eit stipend på 25 000 kr ved å binde seg for 1 år. Ein må minimum arbeide 5 veker sommaren 2026 med arbeid 2 helger i løpet av denne perioden under ferieavviklinga (veke 26-33). Beløpet blir forhaldsmessig redusert dersom avtaleperioden er kortare enn 1 år. Stipendet er skattepliktig.

Om arbeidsstaden

Pleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova.

Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar.

Avdelingane er lokalisert på Boknatun.

 

Arbeidsoppgåver i stillinga

  • Delta i behandling og pleie av pasientar
  • Halde seg fagleg oppdatert
  • Veiledning til pasientar og pårørande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Tillitsskapande miljøarbeid
  • Ha fokus på bruk av velferdsteknologi i tenestane

 

Kompetansekrav

  • Sjukepleiar- eller vernepleiarstudent på 1.,2. eller 3.året
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapapar

  • Initiativrik og fleksibel
  • Kommuniserar og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Trivast med å arbeide med mennesker
  • Godt humør og løysningsorientert
  • Handtere travle arbeidskvardagar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

 

Arbeidsgjevar tilbyr

  • Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
  • Innmelding i pensjonskasse
  • Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
  • Ein spanande arbeidsplass med moglegheit for fagleg utvikling

 

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

10.08.2025

Tiltreding:

01.09.2025

Arbeidsstad:

Pleie og omsorg

Kontaktpersonar:

May Lisbeth Bosvik Fiskaaen

tlf: +47 90517196

Sonja Mikkelsen

mob: 90676157

Adresse:

Boknatunvegen 37 Bokn kommune 5561 Bokn

Kart: