Bokn kommune Pleie- og omsorg

Sjukepleiar 100 % svangerskapsvikariat

Sjukepleiar 100 % svangerskapsvikariat

Sjukepleiar 100 % svangerskapsvikariat
 
Er du sjukepleiar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mot helgearbeid, har årsturnus med moglegheit for å avvikle helgetimane med langvakter, (for tida kvar 4.helg),eller 3.kvar helg med ei ordinær vakt og ei langvakt. Me er fleksible i forhold til ønska stillingsstorleik, men ønskjer å tilsette i minimum 80 % stilling.
Stillinga er ledig frå snarast og i eitt år frå tiltredingsdato, med moglegheit forlenging.
 
Om arbeidsstaden
 
Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik.
 
Arbeidsoppgåver i stillinga
 
Ordinære sjukepleiefaglege oppgåver
Medikamenthandtering
Stell og pleie
Tverrfagleg samarbeid
Tillitsskapande miljøarbeid
Veiledning til pasientar og pårørande
Veiledning av kollegaer, studentar/elevar
Halde seg fagleg oppdatert og bidra med fagleg utvikling
 
Kompetansekrav
 
Offentleg godkjent sjukepleiar
Førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar
 
Evne til å motivere og engasjere
Initiativrik og fleksibel
God samhandlingskompetanse
Evne til å arbeide sjølvstendig
Trivast med å arbeide med mennesker
Godt humør og løysningsorientert
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Handtere travle arbeidskvardagar
 
Arbeidsgjevar tilbyr
 
Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
Moglegheit for fagleg utvikling

Del på:

Referansenummer:

073280326

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.02.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Pleie og omsorg

Kontaktpersonar:

May Lisbeth Bosvik Fiskaaen

tlf: +47 90517196

Sonja Mikkelsen

mob: 90676157

Adresse:

Boknatunvegen 37 Bokn kommune 5561 Bokn

Kart: