Ledig fast 24 % fast helgestilling i Pleie- og omsorg
Fast helgestilling på 24 %
Helsefagarbeidar\sjukepleiar-\vernepleiarstudent\assistent
Er du helsefagarbeidar\sjukepleiarstudent\vernepleiarstudent eller helsefagelev og ønskjer å jobbe på ei lita, koseleg sjukestove med flott sjøutsikt, trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan Bokn sjukestove vera staden for deg! Arbeidsdagane er varierte då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.
Me ønskjer i hovudsak deg som har helsefagleg utdanning, men andre med relevant erfaring og\eller under helsefagleg utdanning vert også vurderte og oppmodast til å søkje.
Dersom den som får stillinga ikkje har relevant utdanning, er det forventa at vedkommannde byrjar på utdanning som helsefagarbeider innan to år frå oppstart i stillinga.
Ein arbeider gjennomsnittleg kvar 4. helg med langvakter på 13,5 timar, med ordinær kveldsvakt på fredag når det er arbeidshelg, noko som tilsvarar ein 24 % helgestilling.
Det vil også vere gode moglegheiter for å jobbe i feriar og høgtider.
Stillinga er ledig frå snarast.
Om arbeidsstaden
Pleie og omsorg består av Sjukestova, heimetenesta og Bu- og aktivitet. Omsorgsbustadane ligg i flukt med sjukestova.
Det er 16 sengeplassar ved sjukestova og 12 omsorgsbustadar.
Avdelingane er lokalisert på Boknatun.
Arbeidsoppgåver i stillinga
- Ordinære helsefagarbeidaroppgåver
- Utlevering av medisiner (må ha medikamentkurs)
- Stell og pleie
- Halde seg fagleg oppdatert
- Veiledning til pasientar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Tillitsskapande miljøarbeid
- Ha fokus på bruk av velferdsteknologi
Kompetansekrav
- Offentleg godkjent helsefagarbeidar
- Andre med interesse for å utdanne seg som helsefagarbeidar kan også søkje
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til å motivere og engasjere
- Initiativrik og fleksibel
- God samhandlingskompetanse
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Trivast med å arbeide med mennesker
- Godt humør og løysningsorientert
- Handtere travle arbeidskvardagar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsgjevar tilbyr
- Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale
- Innmelding i pensjonskasse
- Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer
- Ein spanande arbeidsplass med moglegheit for fagleg utvikling
Kvar skal du sende søknaden?
Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"
Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.
Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.
Del på:
Referansenummer:
693864647
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Søknadsfrist:
30.04.2026
Tiltreding:
01.06.2026
Arbeidsstad:
Pleie og omsorg
Heimeside:
http://www.bokn.kommune.noAdresse:
Boknatunvegen 37 Bokn kommune 5561 Bokn