Sommarjobb for ungdom på Bokn
Sommarjobb for ungdom
Arbeidsstad og arbeidsoppgåver:
- Bokn kommune er særs godt nøgd med arbeidet som vart utført av ungdommane som arbeidde hjå oss i fjor, og gler oss til årets prosjekt.
- I år har me to ulike opplegg du kan søke på:
- Sommarvikarar til å utføre vedlikehaldsarbeid, malearbeid og tilhøyrande oppgåver på kommunen sine eigne bygg, samt arbeid med stell av uteområder. Arbeidet vil foregå i veke 27 og 28.
- Sommarvikarar til å arrangere aktivitetsveke for barn på barnetrinnet. Arbeidet vil foregå i veke 33. Me skal førebu og gjennomføre eit opplegg for barna. Noko planlegging vil skje før sommarferien. Ein vil kunne kome med forslag til aktivitetar i forkant, og dette kan vere i samarbeid med ulike organisasjonar i kommunen. Ellers kan me disponere hallen og utealreala i kommunen.
Kvalifikasjonar:
Ungdom som er busett i Bokn kommune og går i 9. klasse, 10. klasse eller fyrste året på vidaregåande skule i skuleåret 2025/2026 kan søkje på dette tilbodet.
Eigenskapar:
Godt humør og arbeidslyst.
Vi tilbyr:
- Minimum ei veke sommarjobb til alle som søkjer. Dersom pengane strekk til er det mogleg at dei eldste søkjarane (elevar i vidaregåande) kan få to veker.
- Arbeidsoppgåver der du får bidra til eit triveleg nærmiljø.
- Opplæring og oppfølging.
Del på:
Referansenummer:
923736335
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Engasjement
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
19.05.2026
Tiltreding:
29.06.2026
Arbeidsstad:
Drift og vedlikehald
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bokn.kommune.noAdresse:
Boknatunvegen 37 5561 Bokn