Bokn kommune Bokn skule

Bokn kommune søkjer vernepleiar

Vernepleiar eller tilsvarande høgskuleutdanning 100% stilling i Bokn kommune

Bokn skule er frå skulestart 2026 ein fådelt skule 1-10 med 80 elevar. Me er opptatt av å skape eit inkluderande læringsmiljø og eit godt psykososialt miljø for elevar og tilsette. Skulen ser etter deg som brenn for inkludering og som ser læringspotensial i alle barn.

Pleie- og omsorg i Bokn Kommune består av heildøgnsomsorg i institusjon (Sjukestova), heimetenesta og Bu- og aktivitet. Det er 16 sengeplassar og 12 omsorgsbustadar som ligg i flukt med sjukestova og 3 leiligheitar som er tilknytta Bu- og aktivitet.  Avdelingane er lokalisert på Boknatun.

Me ynskjer ein som er fleksibel og som kan arbeida både i skule, SFO og på bu- og aktivitet. Frå august 2026 vil arbeidsstad vera tilknytt skulen, men dette kan endre seg over tid og ved ulike behov.

Det kan på sikt bli aktuelt med 3 delt turnus med helgearbeid, kveld og natt ut frå brukarar sitt tenestebehov.

Arbeidsoppåver:

  • Arbeid med barn med særlege behov i skulen og avlastning.
  • Bidra til eit trygt og godt miljø for barn og unge.
  • Samarbeide med laget rundt elevar for at born meistrer kvardagen, og gje dei tryggleik, trivsel og omsorg.
  • Støtte elevar i læringsprosessen og sosiale situasjonar.
  • Ordinære pleie- og omsorgsoppgåver
  • Tillitsskapande miljøarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som vernepleiar eller annan relevant høgskuleutdanning
  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, gjerne innan skule eller SFO.
  • Erfaring med førebygging og handtering av utfordrande åtferd er ein fordel.
  • Erfaring med ASK og ulike program for oppfølging av born og unge med særskilte behov er ein fordel.
  • Gyldig politiattest

 Personlege eigenskaper:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Sjølvstendig og strukturert
  • Kan gje og ta imot rettleiing

 Me kan tilby:

  • Ein variert og spanande arbeidskvardag
  • Moglegheit til å hjelpa barn og ungdom til å oppfylla og utvikla sitt potensiale
  • Godt arbeidsmiljø med positive og ivrige elevar, dedikerte tilsette og engasjerte foreldre
  • Offensiv teamjobbing og moglegheiter for å påverka eigen arbeidssituasjon innanfor gitte rammer
  • Arbeids- og lønnsvilkår etter gjeldande lovar og tariffavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Del på:

Referansenummer:

313663650

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.06.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Bokn skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Boknatunvegen 37 5561 Bokn

Kart: